VI E' BJØRNAFJORDEN - Sommar 2025
Med mai kom sommaren i vest. Etter kvart som varmen steig, fekk både fastbuande og hyttefolk det travelt med hagestell og matlaging utandørs. – Kom det litt som jula på kjerringa? – Nei, her var vi klare. Det seier seg sjølv at det vart travelt. Men det likar vi jo, smiler butikkleiar Hans Kristian Sælen. Utanfor Jernia-lokala på Osøyro står det lina opp med grasklypparar av alle typar og ditto prisklassar. For ikkje å snakka om tallause grillar. Alt frå små, tilnærma berbare, til dei flottaste gassgrillane. – No ventar vi på fleire hyttefolk, båtturistar og andre reisande som tek turen innom Bjørnafjorden. Hos oss finn dei litt av kvart som kan vera kjekt å fylla feriedagane med. Om det er til fisking, stell av båt eller hage, kan det vera lurt å testa oss ut. Og som sagt har vi grillutstyr som passar til dei fleste, reklamerer Hans Kristian. Som mange sikkert kjenner til, har familien Sælen skapt handelsaktivitet på Osøyro i over hundre år. Oldefar Paul Sælen bygde tidleg på 1900-talet ei smie og ein verkstad. Jernia Sælen – også ein sommarbutikk Der laga dei mellom anna kjerrehjul, hestekjerrer og stigar. Det vart starten på den lange og innhaldsrike familiesoga, knytt til drift av jernvarebutikk i Os sentrum. Sidan kom farfar Paul Martin, som saman med far sin utvida med eit lite butikklokale. Då er me komne til 1955, og felgar og gummi- hjul er viktige salsvarer. Ei stor bandsag gjorde jobben med foredling av trevirke. Butikken har sidan utvikla seg i takt med tida. Hans Kristian, broren Paul Sigurd (dagleg leiar) og faren deira, Paul Hans Sælen, har saman teke butikken vidare i mange etappar. Dei 20 kvadratmetrane frå midt på 50-talet, har vorte til 500 i dag. Velkomen innom! Vi har litt av kvart til fisking, stell av båt og hage Nettside Her finn du alt frå små , berbare , til dei flottaste gass- grillane / ANNONSØRINNHALD 20 / Sommarmagasinet 2025 Osøyro
Made with FlippingBook
RkJQdWJsaXNoZXIy MzUxOTk=