VI E' BJØRNAFJORDEN - Sommar 2025
Aarvik gard – eit lite paradis ved Bjørnafjorden På Aarvik gard ynskjer me å gi like mykje tilbake som me haustar av naturen, og anerkjenna at me er ein del av naturen og naturens kretsløp og sesongar. Me meiner det er viktig å ta vare på og byggja opp jorda og ikkje utnytta ho av omsyn til naturen sjølv, men også framtidige generasjonar. Her dyrkar me mat utan å pløya jorda, og tar vare på det biologiske mangfaldet ved ikkje å nytta sprøytemidlar eller kunstgjødsel. Me ynskjer at alle som kjem på besøk skal føla seg velkomne og at de som gjestar får oppleva korleis det er å vera på eit små- bruk som lever meir i pakt med naturen. Me ynskjer òg at de skal få nyta roen og koma til dykk sjølve ved å besøka ein plass der tida går sakte og naturen omringer ein på alle kantar. Nettside Instagram Her får du kvila og sova godt på økologiske og handlaga Sleep on Nature-madrassar frå Coco-Mat og vakna til fuglekvitter og bølgebruset i Aarvik. Og her får de nyta god og økologisk bakst i kafeen med nybakte surdeigsbrød, sandwichar og mange ulike boller frå det vesle gardsbakeriet vårt. De kan helsa på dei ulike gardsdyra våre på tunet og slengja dykk i slengdissa nedanfor bakeriet, eller kanskje ta ein dukkert nede i fjorden. Me ynskjer dykk hjarteleg velkomne til Aarvik gard! Alt godt, Fru Aarvik og familien Eit småbruk som lever i pakt med naturen Opningstider : 23. juni–10. august Onsdag–fredag kl. 10–16 Laurdag kl. 10–15 Søndag kl. 11–15 22. august–21. desember Fredag kl. 11–16 Laurdag kl. 10–14 / ANNONSØRINNHALD Vi e’ Bjørnafjorden / 41 Baldersheim
Made with FlippingBook
RkJQdWJsaXNoZXIy MzUxOTk=