VI E' BJØRNAFJORDEN - Sommar 2025
Bli med på guida båttur i skjergarden Bjørnafjorden har nokre av Vestlandets finaste badeperler. Me fekk vera med på guida tur i skjergarden. S l i k v a r r u t a v å r d e n n e s o l r i k e l a u r d a g e n . B l i d g j e n g : L a r s V e a , M o r t e n R a i t o g B j ø r n ” B o s s e ” S i g u r j o n s s o n Stokkavika er ein fin badeplass. Idylliske Oksebåsen. Tekst og foto: Steinar Lyssand Guiden vår denne dagen er mannen med ei av dei djupaste bass-røystene i Os Mannskor, Bjørn ”Bosse” Sigurjonsson. Han har med seg kompis og kaptein Morten Rait som er eigar av den 22-fots, opne snekka. Svigerson til ”Bosse”, Lars Vea, er med som matros på turen som starta frå Os Seilforening. Lokalkjende i området Turen startar frå Os Seilforening sitt anlegg på Strøno. Etter å ha passert vakre Tjoholmen set me kursen retning Gullbjerget og Gardvika som er ein god fiskeplass når du kjem ned til 50-60 meter djupne. Neste vik er Stokkavika - ein roleg og fin badeplass med strand. — Dette området er meir eigna for småbåtar der du hiv ut ein dregg akterut og har baugen inn mot kaien, fortel guiden vår. Me held fram gjennom Forstrøno og passerer både Langøya, som ligg ute for sal, og Kjerringøyo. — Lottaskjerskallen er ein fin plass å fiska etter storsei på kring 90 meter, fortel ”Bosse” medan Rait styrer båten trygt mellom grunnene når me nærmar oss nordre flor ved Skorpo. — Her held temperaturen fire grader meir enn resten av sjøen. Det er heilt stille, men det går berre an å koma til med liten båt, fortel Bosse. Me passerer Lottaskjeret og held fram på vestsida av Skorpo, der det er ypparleg å dykka, fiska eller setja krabbeteiner. Her er det lenge sol og du er i le for vinden. Skorpo Me nærmar oss innseglinga til friluftsområdet på Skorpo. Det er heilt vindstille når me kjem gjennom sundet og den flotte lagunen opnar seg opp. Friluftsområdet har to naust til fri bruk for dei som vitjar området. I det eine naustet er det toalett. Det er faste grillar montert på området, og det er bord og benkar ved det største naustet og i badevika. 10 / Sommarmagasinet 2025 Skorpo og Strøno
Made with FlippingBook
RkJQdWJsaXNoZXIy MzUxOTk=