VI E' BJØRNAFJORDEN - Sommar 2025

Kuskjæret. Fin fiskeplass ved nordre flor ved Skorpo. Friluftsområde på Skorpo. Mange fine teltplassar i Ervikane. Oksebåsen Turen går vidare til Oksebåsen der du kan skimta grunnmuren til den tidlegare ferie- staden til Christian Michelsen. Sjølve inngangen til Oksebåsen kan vera vanskeleg å få auge på, og det er ikkje før du kjem gjennom Skorpeosen og tett på opninga i fjellet, du ser den flotte vika. Her er det badeplass, kaianlegg og toalett- fasilitetar, i tillegg til ein gapahuk, bord og benkar. Dette er ein populær stad for båtfolket med fleire båtfeste i fjell. Kaianlegget er berre for av- og påstigning. Viss det freistar med ein fin spasertur når du kjem i land, kan du gå den opparbeidde stien frå Oksebåsen til toppen av Store- knappen der du har utsikt over Korsfjorden og Langenuen. Det er verdt å merka seg at det er fleire gode fiskestader frå Forstrøno i retning Oksebåsen. Vil du ha det litt meir privat, kan du fortøya båten på andre sida av Oksebåsen og gå i land på stranda der. Det går sti mellom strendene. Avstanden er berre kring 50 meter. Kuskjæret Ein av dei mindre kjende stadene, er kanskje Kuskjæret som ligg mellom Forstrøno og Flatøya. Her har Bergen og Omland Friluftsråd sett opp ein padlehuk som er ein opphaldsstad for dei som kjem padlande i kajakk eller kano. Denne er open for alle. Ervikane Neste stopp er Ervikane med sine sju viker. Her kjem du til med både båt og bil. Denne dagen er det fleire som har sett opp telt i vikene. Her er det ypparleg å fiska frå Vetle Hest- holmen som har tilkomst med bru. Ervikane er òg ein glimrande stad for dykking, sidan det er langgrunt fleire stader. I Ervikane er det toalett-fasilitetar, grillstader, bord, benkar og ein gapahuk der du kan søkja ly for vêr og vind. Nord i friluftsområdet er det ein liten kai og det er fint å ankra opp med båt ute i vika. Det går natursti frå Ervikane og over til Sørstrøno - ein flott tur som kan vera verdt å få med seg. Etter Ervikane går turen tilbake til Nordstrøno kai gjennom Forstrønesundet. Vi e’ Bjørnafjorden / 11

RkJQdWJsaXNoZXIy MzUxOTk=