VI E' BJØRNAFJORDEN - Sommar 2025
Rangert av panelet: Førsteplass til Oreo-isen, delt andreplass til Creme Lemon Passion og Haaland-is og tredje- plass til Sandwich. Soft Shake Popcorn på desidert sisteplass. V e t l e W i r k o l a , M i r a D r a n g e R y k k j e o g C a s p i a n G u d v a n g e n Klar dom frå iskrem-panelet – Éin av dei var pyton, éin av dei var rett og slett sjukt god, smiler Lysekloster-elevane. Tekst og foto: Kenneth Svenningsen Vetle Wirkola, Mira Drange Rykkje og Caspian Gudvangen hadde ein draumedag då dei fekk vera dommarpanel i Os & Fusaposten sin is-test. Creme Lemon Passion – Veldig frisk. Terningkast fire, seier Vetle. – Same her. Skikkeleg sommar, kommenterer Mira. – Eg er samd. Dette er frisk is på sitt beste, seier Caspian. Sandwichmed toffee-smak – Ganske god. Det blir 3, seier Vetle. – Solid kose-is, godt med toffee-smak, seier Mira. – Eg gjev tre, eg også. – Det blir same på meg. 3 er bra, det, konstaterer Caspian. Soft Shake Popcorn – Eg har høyrd han er god, seier Vetle. – Men, det var han ikkje. Den gidd eg ikkje spara og eta opp etterpå ein gong. Det blir ein einar på meg. – Eg vil heller ikkje ha meir. Den var pyton. Klar einar, seier Mira. – Salt og søt på feil måte, legg Caspian til. Også han gjev terningkast 1. Haaland-is – Dette var bra. Crispo-sjokolade utanpå god is. Eg tenkjer fire pluss, seier Vetle. – Skikkeleg god. Den skal eg spara og kosa meg med etterpå, repliserer Mira og gjev terningast fire. – Caspian synest også han er verd fire. Oreo Sist ut er det som skal bli Lysekloster-elevanes soleklare favoritt. Trioen tek éin bit kvar og så kjem det i kor: – Terningkast seks! – Det er noko med den Oreo-kjeksa saman med is. Det berre passar så godt. Sjuuukt god, gliser Mira. Vinnaren: Oreo 14 / Sommarmagasinet 2025
Made with FlippingBook
RkJQdWJsaXNoZXIy MzUxOTk=