VI E' BJØRNAFJORDEN - Sommar 2025
Heldigvis er akkurat det eit luksusproblem. Sola skin på familien på seks i Nedre Eikhovda. I hagen er dei, i alle fall mor og far, travle med å snikra ny platting. For firebarnsforeldra Sandra Tombre Nerhovde (33) og Esben Borgen Nordtveit (38) går det slag i slag, og sjølv om hagearbeid i finevêret ikkje er det verste dei kan finna på – finst det endå kjekkare ting å finna på. Har god oversikt Fruen i huset er frå Hålandsdalen, og familien er titt og ofte innom for å vitja barndoms- plassen. – Vi hjelper til i blant, anten det er med slåtten eller sauene i fjellet. Far har sauer, fortel Sandra. Esben er frå Baldersheim, slik at familien som no har budd om lag ti år på Fusa, har fått kartlagt gamle Fusa kommune godt. Morgonbad på Vinnesholmen Der mange har litt reiseveg for å koma seg til hytta, treng familien på seks knapt pakka i bilen for å koma seg dit. Hytta på Vinnes er nesten synleg frå heimen, og det er i den retninga nokre av familiens favorittdestina- sjonar i Bjørnafjorden aust ligg. – Vinnesleiro brukar vi så godt som heile året, fortel Sandra. – Medan Vinnesholmen er for bading på sommaren, legg Esben til. – Om de hadde ein solrik og fin sommardag til fri disposisjon, kva vil de då ha funne på? Dei to tenkjer så det knakar – dette er ikkje heilt lett å bestemma på sparket. – Det er jo så mange fine plassar, smiler Nerhovde. – Det er jo så mange fine plassar! Kan bli fjordkryssing Familien likar å vera aktive ute, så det hadde i alle fall ikkje blitt ein heil dag i godstolen i hagen. – Då hadde vi reist til Vinnesholmen for eit morgonbad, seier Esben. Så hadde turen kanskje gått videre til Vinnesleiro, til den om lag tre kilometer lange rundturen i naturreservatet ved sjøen. – Så hadde vi gjerne funne fram båten og reist over til Baldersheim og vitja Fru Aarvik sitt bakeri for å eta lunsj, seier Esben. Nokre gonger hender det at båtturen går over til vestsida av kommunen også, til Os hamn. – Derifrå kan turen gå vidare til Våge på Tysnes, om dei har feil strøssel på Esso, seier Sandra og ler. – Kor vanskeleg kan det vera å ha jordbær- strøssel! Hagearbeid: Det er fint å jobba med prosjekt i hagen, men det går an å finna på endå kjekkare ting ein nydeleg sommardag. Esben Borgen Nordtveit og Sandra Tombre Nerhovde deler sine tips til ein perfekt sommardag. S a n d r a T o m b r e N e r h o v d e o g E s b e n B o r g e n N o r d t v e i t , m e d s o n e n d e i r a D i d r i k . Vinnesleiro Vinnesholmen Os hamn Våge Jordbær- strøssel Tekst og foto: Benjamin Søgnen Olsen Vi e’ Bjørnafjorden / 13 Ein draumedag på Fusa-sida
Made with FlippingBook
RkJQdWJsaXNoZXIy MzUxOTk=