VI E' BJØRNAFJORDEN - Sommar 2025
Bjørnafjorden – ditt sommarparadis! Fem grunnar til å besøka Osbadet i sommar 1. Godt og varmt inne uansett vêr Når vêret sviktar, leverer Osbadet alltid sommartemperatur. 2. Sommararmband Ungdom mellom 10 og 17 år betalar berre 549 kr for å kunna bada i Osbadet i heile skuleferien! 3. Barnebasseng, sklier og stupebrett Trygt og morosamt med hinderløype kl 12 -14, måndag-fredag. 4. Tilgang til badebutikk, kafé og iskrem I badebutikken finn du alt du treng til eit bad. Og ta gjerne ein pause: Vi har mat, drikke og iskrem! 5. Gratis parkering Gode moglegheiter for parkering både ute og i garasje. Born under 10 år kan òg kjøpa sommararmband, men må ha med seg ein badande vaksen. I Osbadet skin sola og badet er ope kvar dag i sommar frå kl 10 - 17 Det er ei stor glede for meg å ønskja deg og familien varmt velkomen til Bjørnafjorden kommune – ein stad der natur, kultur og menneske møtest. Vår misjon i Bjørna- fjorden er Det gode liv for alle. Det gjeld også for deg som tilreisande. Hos oss finn du det beste Vestlandet har å by på. Imponerande fjelltoppar som Tveitakvitingen, Borgafjellet og Lyshornet lokkar turgåarar i alle aldrar. I skjergarden kan du padla, fiska, bada – eller berre seinka skuldrene og nyta utsikta frå sjøkanten i eitt av dei mange friluftsområda våre. Osøyro og Eikelandsosen byr på sjarmerande butikkar, kafear og lokale matopplevingar, medan idylliske bygder som Strandvik, Holdhus, Søre Øyane og Lysefjorden opnar døra til både levande bygdeliv og historiske skattar. Nettside Ein stad der natur , kultur og menneske møtest Er du kulturinteressert, kan du til dømes besøka Lysøen – heimen til den verdskjende fiolinisten Ole Bull. I nærleiken kan du òg besøka Lyse klosterruinar, som er Noregs eldste cisterciensar-kloster frå år 1146. Du kan òg ta turen til Oseana kunst- og kultursenter, som er eit samlingspunkt for biletkunst, kultur og gastronomi ved fjordkanten. Her blir du møtt med kvalitet i kvar detalj, og ein gjestfridom som varmar. Om du vil søkja innandørs, og familien vil vera fysisk aktive i ferien, kan du ta turen til Osbadet for bading og leik eller til Fjorden arena for innandørs klatring. I Bjørnafjorden ønskjer vi å gje deg meir enn minne – vi vil gje deg kjensla av å høyra til. Velkomen til det gode liv i Bjørnafjorden! Med beste helsing Terje Søviknes Ordførar Bjørnafjorden kommune Foto: Ragnhild Stende Bjaadal / ANNONSØRINNHALD 22 / Sommarmagasinet 2025 Osøyro
Made with FlippingBook
RkJQdWJsaXNoZXIy MzUxOTk=