VI E' BJØRNAFJORDEN - Sommar 2025
Oselvaren – ein levande tradisjon Oselvarverkstaden er ein båtbyggarverkstad og ei handverksbedrift sombygger og sel den norske nasjonalbåten, oselvaren. Verkstaden viser fram og tar vare på båtbyggarhandverket, og vidarefører einminst 300 år lang tradisjon i Os. Utleige av Oselvar Fjorden var vegen Folket rundt Bjørnafjorden har bygd båtar i uminnelege tider. I eit veglaust samfunn med busetnad på øyar og holmar, og på kvar side av fjorden, var robåten ein føresetnad for sjølve eksistensen. Han var fiskebåt, fraktebåt, kyrkjebåt og turbåt. Fjorden var vegen, og båten var framkomstmiddelet. Overlevert tradisjon Båttypen oselvar har utvikla seg gjennom tusen år. Den ubrotne tradisjonen kan sporast tilbake til midten av 1700-talet, då Lars og Jørgen Tøsdal (som delte etternamn fordi dei var naboar, ikkje brør) starta å bygge båtar ved Oselvo. Båtane fekk namn etter staden dei vart bygde, og dette vart starten på ein rik tradisjon for osbåtar. Mange lærte kunsten av tøsdalskarane, og handverket spreidde seg til heile bygda. Gjennom tidene har kunnskapen vorte overlevert – og slik har han overlevd heilt til i dag. Frå tre til båt Oselvarverkstaden vart starta ved Oselvo i 1997. To av dei siste profesjonelle oselvarbyggarane, frå Tysnes og Austevoll, var dei første tilsette, saman med to unge, fagutdanna trebåtbyggarar. Båtbyggarane går sjølve ut i skogen og vel dei beste furutrea, som helst skal vere 200 år gamle og med få kvistar. Etter at skogsarbeid og saging er unnagjort, tar det om lag 350 timar å bygge ein ferdig oselvar. Nasjonalbåten Sidan oppstarten har verkstaden levert over 120 båtar til båtkjøparar over heile landet. Dei reparerer og restaurerer også gamle båtar. Å formidle båtbyggarkunnskap og historie er ei viktig oppgåve. I 2009 vart oselvaren kåra til Noreg sin nasjonalbåt i ei avrøysting arrangert av Redningsselskapet og NRK. I 2016 kom oselvartradisjonen på UNESCO si liste over immateriell kulturarv. Fagleg slektstre Oselvarverkstaden er ei godkjend lære- bedrift. Mange har lært faget her, og to tidlegare lærlingar er no fast tilsette som båtbyggarar. Dei kan følgje «det faglege slektstreet» sitt 300 år tilbake til tøsdals- karane Lars og Jørgen. Lyst til å prøve ein oselvar? Kva med ein tur på Bjørnafjorden i ein oselvar? Oselvarlaget er ein frivillig organisa- sjon for trebåtentusiastar. Laget leiger ut båtar for 150 kroner per dag, med flytevest inkludert. Her får du frisk luft, vakre omgjevnader, kulturhistorie og ei god treningsøkt i eitt. Ta med fiskeutstyr, så kan du kanskje syte for middagen òg. Merk at du må bestille båt seinast dagen før. Meir informasjon på oselvarlaget.no/utleige Besøk oselvarverkstaden Verkstaden i Hamnevegen, rett ved brua, er open for publikum mellom kl. 13 og 15 på kvardagar. Her kan du sjå båtar under bygging, snakke med båtbyggarane eller sjå utstillinga på verkstaden. Grupper kan avtale omvising på andre tidspunkt. Meir informasjon på oselvarverkstaden.no Foto: Stiftinga Oselvarverkstaden, Vidar Langeland Tekst: Ragnhild Stende Bjaadal, Bjørnafjorden kommune / ANNONSØRINNHALD Vi e’ Bjørnafjorden / 23 Osøyro
Made with FlippingBook
RkJQdWJsaXNoZXIy MzUxOTk=