VI E' BJØRNAFJORDEN - Sommar 2025
Dagsturhytta på Borgafjellet Turen opp Borgafjellet frå Hjelle er ganske bratt, men vel oppe har du nydeleg utsikt over Bjørnafjorden, Tysnes, Fitjar og byfjella i Bergen. Hytta «Borgabuo» har ein liten vedomn, bibliotek med nynorske barnebøker og godt med sitjeplass både inne og ute. Fint turmål for heile familien eller utgangs- punkt for ein lengre tur mot Møsnuken. Dagsturhytta på Vetlevarden Turen opp tar om lag 40 minutt, og byr på jamn stigning gjennom kupert terreng frå parkeringa ved Fjorden arena. «Vetlevard- hytto» har ein liten vedomn, bibliotek med nynorske barnebøker og rikeleg med sitte- plassar inne og ute. Her er det fint å ete niste og nyte utsikta over Eikelandsfjorden og innover Hålandsdalen. Det er også eit fint utgangpunkt for ein lengre tur i flott terreng. Den gamle postvegen Frå slutten av 1700-talet og fram til 1861 var strekninga ein del av postvegen mellom Bergen og Stavanger. Dette er ein lett og fin fottur som strekker seg gjennom eit grønt og frodig landskap frå postgarden Øpstad på Fusa til postgarden Vik i idylliske Strandvik. Gjønakvitingen Denne turen er gradert «ekstra krevjande» på ut.no . Ein fantastisk tur til Bjørnafjorden sitt nest høgaste fjell. Ta pause halvvegs ved utsiktspunktet Gytro, og lat føtene dingle høgt, høgt over Gjønavatnet. Frå toppen av Gjønakvitingen har du spektakulær utsikt mot Hardanger, Samnanger, Kvam, Kvinnherad, Tysnes og Bjørnafjorden, ja heilt til Ryvarden! Herifrå kan du òg gå vidare til fleire andre toppar i fjellmassivet. Innerøya rundt i kajakk Nydeleg rundtur i Vestlandets vakraste skjergard. Legg til ved vakre Kalneset frilufts- område. Du kan òg halde fram til Kobbavågen eller kjøpe ein is på Vedholmen landhandel på Bruarøy. Her er òg fleire kanalar å utforske. Turen rundt Innerøya er om lag sju kilometer lang og går for det meste i smult farvatn. Ottanosa Turen til Ottanosa i Hålandsdalen er ein middels krevjande tur i bratt terreng med start frå Heihiller. Terrenget er typisk vestnorsk, og det same er utsikta frå toppen. Her ser du frodige lier, fine ferskvatn, fjell og fjord. På riktig fine dagar ser du heilt ut til havet. Ved rask gange brukar du rundt tre timar opp og ned om du følgjer stien. Du kan òg gjere det til ein rundtur om Kjerringafjell og ned att. Då blir turen ein time lengre. Kyststien Strandvegen Strandvegen snor seg 3,8 kilometer langs kysten mellom friluftsområda Mobergsvika i Os sentrum og Smievågen ved Moldaneset. Turen er lett å gå eller trille for dei fleste, og kan gjerast både kortare og lengre ettersom det høver. Ta gjerne eit stopp på brua over Oselva og sjå om du ser laks som ventar på å ta seg oppover vassdraget. Gå forbi Oselvarverkstaden, rundt Steinneset til Det historiske tunet på Lyngheim og den flotte leikeplassen like ved – eit høgdepunkt for dei yngste turgåarane. Her er òg bord og benkar med nydeleg utsikt mot fjord, fjell og fonn. Vidare passerer du Solstrand Hotel & Bad og den frodige Moldegårds- parken, før du endar ved friluftsområdet Smievågen, med svaberg og små badeviker. Foto: 1. Simen Soltvedt, 2. Ragnhild Stende Bjaadal, 3. BOF, 4. Erik Vangsnes, 5. Erik Vangsnes, 6. Grete Byrkjeland, 7. Erik Vangsnes, 8. Beate Moberg, 9. Mari Lyssand, 10. Ragnhild Stende Bjaadal / ANNONSØRINNHALD Vi e’ Bjørnafjorden / 25 Bjørnafjorden
Made with FlippingBook
RkJQdWJsaXNoZXIy MzUxOTk=