VI E' BJØRNAFJORDEN - Sommar 2025
Bjørnafjorden-området byr på fantastisk natur og store turopplevingar for små og store. Turmoglegheitene er svært varierte og nærmast uendelege, men her er eit lite utval varmt anbefalte turar og turmål. Ut på tur i Bjørnafjorden Ervikane Eitt av dei finaste friluftsområda i bergens- regionen. Idylliske badeviker og solplassar, og gode tilhøve for telting og hengekøyer. Kort veg frå parkeringsplassen, og lett å både gå, sykle og trille. Tilrettelagt toalett og baderampe, benkar, bord, grillplassar og gapahuk. Svært populært blant barnefamiliar og eit flott turmål heile året. Vinnesholmen Rundturen på Vinnesholmen, som er landfast med molo, er ikkje lang, men byr på mange fine naturopplevingar og gode bade- og fiskemoglegheiter. Den gamle husmannsplassen blir halden i stand av Vinnesholmen kystlag. Det er mogleg å leige Holmahuset (båt inkludert). Det er også fint å telte ute på holmen. Midtsæterfjellet Dersom du spør lokale fjellvandrarar om kva som er det finaste fjellet i Os, vil nok mange svare Midtsæterfjellet. Etter om lag ein times gange på god sti oppover til tregrensa frå Midtsæter, opnar det seg ei fantastisk utsikt. Her ser du både Fusafjellet, Tysnessåta, byfjella i Bergen og Folgefonna. Turen til Midtsæterfjellet passar for dei fleste, òg for barn som er vane med å gå tur. Frå Midtsæterfjellet kan du gå Osvidda vidare til Sveningen (842 moh.) og ned til Øvredal. Sjå tur- skildringar på ut.no Tekst: Ragnhild Stende Bjaadal, Bjørnafjorden kommune / ANNONSØRINNHALD 24 / Sommarmagasinet 2025 Bjørnafjorden
Made with FlippingBook
RkJQdWJsaXNoZXIy MzUxOTk=