VI E' BJØRNAFJORDEN - Sommar 2025

Få omvising I heile juli månad er faste, opne omvisingar kvar opningsdag (onsdag–søndag) kl. 13.00. Omvisingane er lågterskel, dialogbaserte og passar for alle – også barnefamiliar. Varigheit: ca. 45 min. Du treng ikkje melde deg på – møt berre opp og kjøp inngangs- billett i resepsjonen. Ønskjer du heller ei privat omvising? Les meir og bestill via våre nettsider. Opningstid kunstutstilling: onsdag–søndag kl. 12–16 i heile sommar. Omvisingar kl. 13.00 kvar opningsdag i juli. Pris: barn, student og honnør kr 50, vaksne kr 100. Billettar kjøper du i resepsjonen. Eit godt måltid ved fjorden Oseana kafé og restaurant ligg heilt nede ved sjøen – med panoramautsikt mot Bjørnafjorden og Folgefonna i det fjerne. Her kan du nyta ein kopp kaffi, ein smakfull lunsj eller eit godt middagsmåltid – medan du tek inn fjordlandskapet frå første rad. Opningstider: onsdag–laurdag kl. 12–16 og søndag kl. 13–17. Vi tar atterhald om endringar i opningstider og avvikande opningstider grunna arrangement. Sjekk alltid nettsida for oppdatert informasjon. Meny og info: oseanakafe.no Følg med på kva som skjer Det blir ein haust full av kulturelle høgde- punkt på Oseana. Allereie i september kan du sjå fram til senioruniversitet, foredrag om USA med Thomas Seltzer, humorshow med både Eirik del Barco og Dagfinn Lyngbø, konsert med Øystein Sunde og Ingrid Bjørnov, barneforestilling, familieverkstad og mykje meir. Sjå heile haustprogrammet på oseana.no eller last ned appen vår! Welcome to Oseana by the Bjørnafjord! Experience art, culture, nature, and great food. Explore the Grieg Art Collection —Norway’s largest private West Norwegian art collection —and the summer exhibition Strålar, running until Aug 31. Tours Wed.– Sun. at 1 PM in July. Café open Wed–Sun. More info at oseana.no. Praktisk info om Oseana kunst- og kultursenter Du finn oss berre få minuttars gange frå Os sentrum, 20 minutts køyring frå Bergen. Oseana har eigen parkeringsplass med gratis parkeringi 9 timar. Kjem du i båt eller bubil, er det gjestebrygge og bubilparkering like ved. Adresse: Mobergsbakken 20, 5200 Os Ordinære opningstider: onsdag–søndag kl. 12–16 Kontakt: post@oseana.no, tlf. 917 50 231 oseana.no O m v i s i n g i g a l l e r i e t . K a f é m e d p a n o r a m a u t s i k t . / ANNONSØRINNHALD Vi e’ Bjørnafjorden / 27 Osøyro

RkJQdWJsaXNoZXIy MzUxOTk=