VI E' BJØRNAFJORDEN - Sommar 2025

Det er truleg familiar på Os som har kledd opp tre generasjonar konfirmantar frå den same butikken. Båt- og campingturistar finn også det dei leitar etter hos Petter Hanøy og Steinar Bøe på Instinct. – Vi har funne ei nisje. Kvalitetsklede til ein god pris. Ikkje for dyre, og heller ikkje av dei rimelegaste, røper kompanjongane. Samstundes kan dei nok også takka den generelle samfunnsutviklinga forat Instinct på Os framleis held god styrefart. – Det er ingen tvil om at den godt vaksne mannen i dag vert stadig yngre iklesstilen. Målgruppa vår er menn frå 20 til 70-80-åra. Dei som innimellom skal ha seg eit nytt fest- plagg, og som tykkjer det kan vere fint med både nyskjorte og jakke. Gjerne frå Gant, reklamerer Hanøy. Han kom til Os-butikken i 2016, for å overta jobben som butikksjef, når Steinar skulle gå av med pensjon året etter. Slik vart det også, Kvalitet og service går aldri avmoten men «Prikken» som alle kallar han, har aldri slutta heilt. 76-åringen steppar inn når det er trong for det, snart 54 år etter han starta eit langt liv i herre-manufakturens teneste. – Kva som er populært sommaren 2025? Lin har nådd vaksne menn også. Om det er bukse, shorts, kort eller langarma skjorte. Når det kjem til fargar, er det meste innanfor. Skarpare pastellfargar og kraftigare jordtonar i retning av lakseraud, er iallfall ikkje feil, forklarar Hanøy. Før «Prikken» får avslutta. – Hadde vi ikkje hatt lyseblått og blått i kolleksjonane våre, kunne vi berre ha stengt butikken. Noko endrar seg aldri. Opningstid: Måndag–onsdag 10–18 Torsdag–fredag 10–19 Laurdag 10–16 Øyro 39, 5200 Os Kvalitets- klede til ein god pris Nettside / ANNONSØRINNHALD 28 / Sommarmagasinet 2025 Osøyro

RkJQdWJsaXNoZXIy MzUxOTk=