VI E' BJØRNAFJORDEN - Sommar 2025

Badeperler i Bjørnafjorden Skeisstøa Nore Neset Lunt og idyllisk område med svaberg og fjøre. Badevik med sandstrand, grasbakke inst. Tilkomst: Frå Skeisflaten til Skeisleira til Skeisstøa. Stokkavika Strøno Skogområde med god, nordvestvendt badefjære. Kort tilkomst frå vegen som går til Nordstrøno. Ta av frå Strønevegen inn på Skipavikavegen. Etter kort tid går vegen ned i skogen til høgre til Stokkavika. Traktorveg ned siste stykket. Skjelavikjo Strandvik Om du ikkje føler for Vinnesholmen, kan du halda fram på Fv 122 til Strandvik. Køyr forbi Handelslaget og Leigland Bygg sine tidlegare lokale. Eit par hundre meter seinare, tek du av til høgre og kan parkera bilen. Toalett, fleire bord og benkar. Skjelavikjo er òg ei fin uthamn. Området er skilta som friluftsområde frå sjøsida og det er plassert ut fortøyingsboltar og redningsbøye langs svaberga. Hagafjøra Eikelandsosen Vestvendt og lun badefjøre med mindre holmar. Eigen parkeringsplass og toalett tilpassa menneske med nedsett funksjons- evne. Bord, benk og fast grill. Tilkomst: Rull ned bakken frå Fv 122 om lag halvannan kilometer frå Fjord´n Senter i retning Venjaneset. Fusaneset/Peraneset Fusa Ta av frå Venjanesvegen ned Opsalneset. Du kan parkera ved kyrkjegarden. Skogkledd nes, som blir kalla både Fusaneset og Peraneset lokalt. I området er det gapahuk, toalett, stupebrett, bord og benk, bålplass og redningsbøye. På grasmarka er det høve til å telta. Gangveg inn i området. Langs gangvegen er det òg ei lita badevik med strandfjøre. 6 / Sommarmagasinet 2025

RkJQdWJsaXNoZXIy MzUxOTk=