VI E' BJØRNAFJORDEN - Sommar 2025

Vinddalsvatnet Søfteland Ypparleg stad å bada i ferskvatn — for dei som er mest glade i det. Om du kjem frå Os, tek du første til venstre etter å ha passert skulen - ned på Internatvegen. Ved første vegkryss går stien beint fram ned til bade- plassen. Du kan også søkja opp Vinddals- vatnet Badeplass i Google Maps. Skorpo Idyllisk på Skorpo. Her må du ha båt for å koma deg til. Søvikvågen Lysefjorden Badeplassen har skjelsand, bord og benkar og toalett på staden. Tilkomst frå Søvik- vegen. Parkering ved gamle snuplassen til bussane ved avkøyrsel til Edne. Sperrevika Lysefjorden Mindre badeplass med 60 meter strandlinje. Parkeringsplassar ved Sperrevikvegen. Stien går ned ved busstoppet, som ligg på motsett side av Sperrevikvegen. Det er toalett på staden. Vinnesholmen Bading, båt, gjesteplassar turområde, festival — det skjer ein del på holmen. For å koma deg dit følgjer du Fv 122 til du kjem til Nesjaheimen. Kjem du frå Venjaneset, tek du av til høgre her. Vegen ned heiter Skagen. Det er godt skilta ved Vinnesholmen. Sigurdsvika Ulvenvatnet Eit anna alternativ til dei som er glade i bading i ferskvatn. Sigurdsvika ligg rett nedanfor Os vidaregåande skule og cross- banen. Det er sandstrand og badebryggje på staden. Askvikvågen Hagavik Heilt inst i Askvikvågen finst ei lita strand. Her kan det fort blir trongt om plassen. For å koma hit, tek du av Strønevegen og ned mot Askvikneset. Det er berre eit kort stykke frå avkøyrselen på Strøne- vegen til du får bukta på venstre side. Vi e’ Bjørnafjorden / 7

RkJQdWJsaXNoZXIy MzUxOTk=