VI E' BJØRNAFJORDEN - Sommar 2025
– Det er mange som enno ikkje har oppdaga for ei perle Lysøen er. Det seier Asima Alucic. Trebarnsmora frå Hjelle har lært seg å bli veldig glad i heim- kommunen sin i vaksen alder. Sommarstid er familien hennar stadig på utfartar i nærområdet. – Då eg var ung og studerte i Bergen, syntest eg Os var litt dølt. Då vart eg trekt mot det urbane. I dag er situasjonen ein heilt annen. I dag verdset eg høgt å bu slik me gjer her i Os, fortel Asima. Ho er fødd i Bosnia og kom til Noreg i 1992. – Me kom først til Luster. Der budde me dei første åra, før me flytta til Os. Sidan har eg budd her, fortel 34-åringen. Både kultur og rekreasjon Med born på 1, 9 og 14 år har dei meir enn travle nok kvardagar, men i helgene kjem familien seg ut i naturen så ofte dei kan. – Me bur heilt perfekt like oppunder Borgafjellet, så det blir ein god del turar der, både med og utan borna. Elles liker me svært godt å dra på piknikar ved sjøen og telt- overnattingar når det passar. Favorittplassane er mange. Høgt oppe på lista står Lysøen og Ervikane. – Lysøen oppdaga me under pandemien. Då var ferja gratis. Historia omOle Bull og komponistheimen er flott i seg sjølv, men øya er ei perle på så mange måtar. Me liker å dra dit for å gå tur, bada og for å utforska. Eg trur det er mange som vil ha glede av å ”oppdaga” Lysøen skikkeleg, fortel Asima. Under pandemien forelska Asima og familien seg i Lysøen Ervikane er ein stad dei besøker til alle årstider, ikkje berre om sommaren. Elles er familien ofte på tur til Knutabruo i Osmarka. —Då har me alltid med oss noko godt somme kan kosa oss med. Ved brua er det ein fin lavo som det går an å søkja ly i om det regnar eller bles. – Om de skal over til Fusa-sida, kvar reiser de helst då? – Då blir det Vinnesholmen. Utan tvil. Der har me overnatta mange gonger i telt. Der er det god plass til leik og moro, badeplass og til og med toalett. A s i m a A l u k i c . P r i v a t f o t o . Tekst og foto: Kenneth Svenningsen Lysøen Ervikane Knutabruo Vinnesholmen Lysøen: Bading og natur- opplevingar Asima Alukic set stor pris på å bu i ein kommune med så mange flotte tur-plassar. 12 / Sommarmagasinet 2025 Ein draumedag på Os-sida
Made with FlippingBook
RkJQdWJsaXNoZXIy MzUxOTk=